YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

Linker:

 

 

• Framside » 

 

• Olsok i Lom »

 

• Jotunheimen Underholdning »

 

 

 

Jubileumsforestilling i Lom Stavkyrkje:


Slekters gang...

- ei reise i tone, tekst og tid.


Fredag 12. September - 21:00

Lørdag 13. September - 15:00 og 17:00


Året er 1158....

Nokre menn driv og set opp eit nytt gudshus i Lom. Øksa fell gong på gong. Dei turkar sveitten i solskinet. På mønsåsen reiser Dragehovuda seg trugande mot dei vonde maktene. Innvendes blenkjer stavrekkjene i kvit malmfuru.


Århundrane går....

Forfedrane våre kjem til kyrkja og høyrer preika på latin, gamalnorsk og dansk. Her samlar dei seg i dei lukkelagste stundene sine - og si djupaste sorg - friarbrev, gapestokk og bortgøymde barnelik fortel soger om menneske som var her.


Året er 2008....

Kyrkja står der enno. Endra og utvida - kolande svart og vèrbiti er ho etter århundrar med tjærebreiing, solskin og storm. Men ho står der enno – og klokkene kallar - og hjarta våre er dei same - som kyrkja er den same - med lengt og saknad - håp og trøyst - sorg og glede - no som då.


Kva har dette huset sett?

Og kan vi klare å høyre det kviskre om svunne tider?

Bli med oss på ei reise gjennom hundreåra..........


Tekst og regi:

Endre Skjåk


Song:

Reidar Svare, Hildegunn Hovde, Kristbjørn Rossehaug,

Gjelingljomen, Prosjektkoret


Orgel:

Anne Mundal


Gitar/El. Gitar:

Ole Jonny Bekkemellem


Fele:

Amund Bjørgen, Bjørn Odde


Øvrige medverkande:

Waageske Compagnie, Lensmann Angard m.fl.


Scenografi:

Maria Stephansen


Billettar:

Telefonbestilling: Kyrkjekontoret i Lom tlf. 61 21 73 39

Forhåndssalg: Sparebank1 Lom, Skjåk og Vågå (200,-)

Restsalg i døra (250,-)