Jotunheimen Underholdning

presenterer

   

 

 

 

Nissegraut

        

   Ei musikalsk familieforestilling

 

 

Har nissen teke gitaren til Lars?

 

Den gamle låven på Nordal er klar for familieforestillinga ”Nissegraut”.

 

Lars i LoMsk er glad i musikk. Særleg er Lars glad i gitaren sin, men no er den søkk burte, og da får han ikkje laga noko ny plate. På den gamle låven på Nordal skjer det mykje rart! Inne blant rusk og rask, mjølbøler, veteranbilar og hestekjerrer bur det tre små karar med raud huve. Når kvelds-skumringa set inn og stjernene tek til å lyse kan ein høyre rare lydar frå låven. Lars er redd for å gå dit, men det må han skal han finne att gitaren sin. Det er ikkje godt å vere redd, og vi har alle noko vi er redde for. Kanskje nissane er redde òg? I alle fall er dei glade i å syngje og spele.

 

Endre Skjåk, Lars Bakke, Ole Foss og Reidar Svare har laga ei litt skummel men mest artig forestilling for store og små med mykje sang og musikk som vil setje deg i julestemning. ”Nissegraut” handlar litt om det å vere redd., litt om det å ynskje seg noko og litt om det å ikkje bli trudd.

 

Er det nissen som har teke gitaren? Og finn Lars den att til jul?

Bli med Lars og leit på låven – og kven veit - kanskje treffer vi nissen!

 

Forestillinga egnar seg kanskje aller best for dei frå 5 år og oppover.

 

NB: Hugs varme klær!

 

Nordal:  

Søn 30/11 (17:00 og 19:00)

Søn 14/12 (16:00 og 18:00)

 

Ei tilpassa forestilling skal på miniturnè til:

Kleppe i Vågå: Lør 6/12 kl. 16:00 og 18:00

Jørundgard på Sel: Søn 7/12 kl. 18:00

 

Billettar:

Nordal: Nordalskafèen.

Kleppe: tlf 920 34 965 – post@gardmillom.no

Jørundgard: Ved inngangen

 

Arr: Jotunheimen Underholdning

 

 

 

 

Nissegraut

Ei musikalsk familieforestilling

 

 

Foto frå forestillinga: Aud Hove (c)

 

To nissar i ei seng; Gammel-nissen og Gammel-Egil

 

 

Lars Bakke, rørete gitarist med nisse-angst

 

 

 

Ingen skulle vel tru at desse skulle bu på ein slik plass. Oline, Ragnvald og Gottorm smakar på dagens nissegraut. 

 

 

 

Oline - eit vinnande kvinnevesen med sans for god kokkekunst

 

 

Nissegraut

Ei musikalsk familieforestilling

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gammel-nissen

 

Fleir bilete:

Sjå lengre ned på sida